Då ein av våre gode reinhaldarar gjennom mange år skal gå av med pensjon, søker vi no etter ny, engasjert reinhaldar. Vi ser etter deg som har interesse for reinhald og ser betydninga av godt reinhald for å sikre eit trygt, helsefremjande og triveleg miljø.
Er serviceinnstilt og løysingsorientert
Tek ansvar og arbeider sjølvstendig
Er oppteken av kvalitet og av å gjere godt arbeid
Samarbeider og kommuniserer godt med andre
Erfaring frå reinhaldsarbeid
Førarkort klasse B er ein fordel
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Dagleg reinhald av pasientrom og fellesareal.
Reingjeringsoppgåvene vert utført etter NS Insta 800.
Periodisk reinhald.
Arbeidsoppgåver knytt til eige vaskeri.
Bruk av reinhaldsmaskiner.
Andre oppgåver innan reinhald ved behov.
Ei spennande stilling med fagleg ansvar
Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
Fast arbeidstid og ordna tilhøve
Gode lønns- og pensjonsordningar
Varierte arbeidsoppgåver i fine omgjevnader
Godt arbeidsmiljø
Gode velferdsordningar og personalgoder som tilgang til basseng og treningsfasilitetar
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta.
Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.
Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om døgnrehabilitering. Vi tilbyr både gruppe- og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn. Det er kring 1100 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år.
Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det kort veg til skule/barnehage og butikk. Vi er samlokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen UWC Røde Kors Nordisk, og elevane representerer eit stort mangfald på campus.
Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa. Som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både ute og inne.