Thoraxkirurgisk seksjonen (TKS) er ein spennande seksjon med dyktige medarbeidarar og faglege utfordringar. Thoraxseksjonen ligg i 2. etasje og har fine lokale med fire operasjonsstover. Ei av desse er ei hybridstove. Thoraxseksjonen har hjarte- og lungeoperasjonar som sitt spesialfelt. Vi utfører elektiv kirurgi også innanfor områda thoraxkirurgi, karkirurgi og invasiv kardiologi på Hybridstova. Ein gong i veka, har vi robotassistert thorax kirurgi. I tillegg har vi innleggingar av veneporter, Hickman og dialysekateter for heile Haukeland universitetssjukehus. Vi har fokus på fagleg utvikling og pasientsikkerheit.
Vi har ledig vikariat 100% stilling som anestesisjukepleiar på Thoraxkirurgisk seksjon, frå august. Arbeidstid er dagtid 37,5 timers uke. Evt mogeleg med forlenging.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kristin Helland Mjelde, Seksjonsleiar, 55970345, kristin.helland.mjelde@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5141291353
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.