Knappskog skule har ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar for mellomsteget frå 1. august 2026. Stillinga er delt mellom ca. 55 % undervisning og ca. 45 % leiing.
Vi søkjer ein tydeleg og engasjert avdelingsleiar som ønskjer å bidra aktivt i vidareutviklinga av skulen vår, både fagleg og organisatorisk.
Som avdelingsleiar vil du mellom anna ha ansvar for:
Vi ønskjer ein avdelingsleiar som:
Rektor: Solfrid Kleiven
Telefon: 926 61 232
E-post: solfrid.kleiven@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herKnappskog skule er ein fulldelt barneskule med om lag 230 elevar fordelt på 14 klassar. I tillegg driftar skulen innføringsklassen for framandspråklege elevar i kommunen. Skulen er heildigital og har som visjon å fremje kunnskap i eit trygt læringsmiljø. Skulen satsar på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt arbeidsfellesskap.