PPT for Stord, Fitjar og Tysnes er ei interkommunal PP-teneste som har 10 fagstillingar med entusiastiske og motiverte tilsette. Tenesta er utviklingsorientert og jobbar gjennom variererte arbeidsmåtar. Kompetanseløft for <<Spesialpedagogikk og inkluderende praksis>> står sentralt i PP-tenesta.
Me søkjer etter pedagogisk-psykologisk rådgjevar i eit 100% vikariat i perioden 01.08.2026 fram til 30.06.2027
Utvikling og endringsarbeid i barnehage, men kan vera relevant med skuleerfaring
Sakkunnig arbeid etter opplæringslova og barnehagelova
Konsultasjonar, veiledning og rådgjeving
Observasjon, kartlegging og utredning av barn og unge
Samarbeid med føresette, barnehagar, skular og andre hjelpeinstansar
Fast kontaktperson i barnehage og/eller skule
Me ser etter ein fagperson med fylgjande kvalifikasjonar:
Barnehagelærar, men lærarutdanning vil verta vurdert.
Ynskjeleg med master innafor eit av dei spesialpedagogiske fagområda
Erfaring og kompetanse med rådgjeving og rettleiing er ei føremon
Testkompetanse innan med sertifisering innen Wechslertestane og/ eller språktesting er ei førmon.
Interesse og/eller erfaring med utviklings- og endringsarbeid
Systematisk og sjølvstendig
Jobbar godt saman med andre
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
Noko reiseverksemd mellom våre tre kommunar må påreknast, førarkort er naudsynt.
Varierte arbeidsoppgåver i eit utviklande fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Ingrid Helen Mjelde: ingrid.helen.mjelde@stord.kommune.no tlf 93031507
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.