Vi har ledig ei fast stilling som førstekonsulent i seksjon for økonomi og styring (ØS) i avdeling for styring og organisasjon. Seksjonen samordnar statsbudsjettet og statsrekneskapen for Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), og vi arbeider aktivt med å utvikle etatsstyringa på tvers av departementet. Vi handterer også riksrevisjonssaker, tilskotsforvaltning og verksemdstyring.
Hos oss får du eit variert arbeidsområde, og vi ser etter deg som har lyst til å arbeide med statsbudsjettet og bidra i eit breitt spekter av oppgåver - frå etatsstyring og riksrevisjonssaker til ulike utgreiings- og utviklingsoppgåver. Du vil arbeide tett saman med både fagavdelingane, politisk leiing og Finansdepartementet og få høve til å bidra i ulike faglege arbeid og prosessar på tvers.
I seksjonen møter du engasjerte og hyggelege kollegaer som er opptekne av å gjere ein god jobb. Vi arbeider tett saman og støttar kvarandre. Med den breie porteføljen vår får du raskt innsikt i arbeidet i departementet og gode høve for fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å
Vi oppmodar òg dei som fullfører mastergraden sin i løpet av våren og sommaren 2026, til å søkje.
Karakterar vil bli tillagde vekt.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som kommuniserer godt, likar å samarbeide og finn smarte løysingar saman med andre. Du er god til å strukturere informasjon, vurdere utgreiingsbehov og halde framdrifta i eigne saker. Ein del av oppgåvene våre har korte fristar, så fleksibilitet og god evne til å prioritere er viktig. I tillegg ser vi etter deg som
Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr
Som ny i KDD får du heilt frå starten av oppgåver som utfordrar deg, og du får ein fadder som følgjer deg opp. Departementet har eit introduksjonsprogram der du blir kjend med nytilsette i dei andre avdelingane. For tilsette under 40 år er det ei eiga foreining, Ung i KDD. Nettverket skal bidra til å skapa ein arena der unge i departementet kan møtast jamleg til faglege og sosiale samankomstar. Ønskjer du å lære meir om korleis det er å jobba hos oss, kan du lesa meir her: Tilsette om KDD – Jobb i KDD (regjeringen.no).
Løn: Stillinga er løna som førstekonsulent frå kr 600 000 - 650 000 pr. år. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Autorisasjon: Tilsette i Kommunal- og distriktsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her.
Søknadsprosessen
Vi er opptekne av kva kompetanse og erfaringar du har, og ber deg derfor om å svare på nokre faglege spørsmål i staden for å skrive ein søknadstekst.
Når du trykkjer på «Søk stillinga», kjem du til rekrutteringsportalen, der du må logge inn. I portalen er det viktig at du
Fyll ut alle felta sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV. Det er nødvendig mellom anna for at vi skal kunne oppfylle kravet om fullstendige søkjarlister.
Inkludering og mangfald
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vera tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald
her.Bakgrunnssjekk før tilsetjing
KDD nyttar Semac bakgrunnssjekk i gjeldande rekrutteringsprosess. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke frå kandidaten, og inneber mellom anna at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. Tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova §25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
Kontaktpersonar
For nærmare opplysningar om stillinga: Kontakt avdelingsdirektør Janne Marie Larsen på tlf. 930 24 965. For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kontakt Christina Ystebø Wright på e-post Christina-Ystebo.Wright@dss.dep.no.
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har om lag 230 tilsette og er sekretariat for kommunal- og distriktsministeren. Departementet har ansvar for kommuneøkonomi og lokalforvaltning, regional- og distriktspolitikk, bustadpolitikk, plan- og bygningslova, kart- og geodatapolitikken, valgjennomføring og politikken overfor samar og nasjonale minoritetar. Departementet har fleire underliggjande etatar og verksemder, som Direktoratet for byggkvalitet, Distriktssenteret, Husbanken, Internasjonalt reindriftssenter, Kartverket og Valdirektoratet.
Avdeling for styring og organisasjon har ansvar for å fremje god, sikker og heilskapleg styring av departementet og sektor. Kvalitet og nytenking er sentralt i avdelinga sitt arbeid, der tryggleik og beredskap er ein integrert del. Avdelinga er ein medspelar for dei andre avdelingane, og har ei sentral rolle i at vi bruker ressursane effektivt, der kompetanse, leiing og organisering understøtter KDD sitt kjerneoppdrag. ASO har ansvaret for statsbudsjettprosessen og eit overordna samordningsansvar i departementet. ASO har ei overordna rolle i utviklingsarbeidet i KDD og sektor, og skal sikre gode kunnskapsgrunnlag, og at arbeidet skjer i tråd med gjeldande departementsstrategi og fagleg analyse.