Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Psykiatrisk klinikk er i ei spennande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland 2028/2029.
Avdeling spesialisert psykosebehandling er i dag lokalisert i på Sandvikenområdet, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 5 døgnseksjonar; Akutt psykose S3, S4 og S5, Kompleks rehabilitering (KRS) og Tidleg psykose (TP). I tillegg har avdelinga ansvar for polikliniske tenester, derunder eit ambulerande UUP-team (utviklingsforstyrringar/utviklingshemming og psykoselidingar), TOPS (Tidlig oppdagelse av psykose) og treningspoliklinikk.
Avdeling spesialisert psykosebehandling har no ledig ein fast overlegestilling.
Du
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Igne Sinkeviciute, Avdelingssjef, 55958580
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5122021307
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.