Er du sjukepleiar og klar for nye utfordringar? Kanskje ønsker du å videreutdanne deg i eit av våre fagfelt?
Vi har ledig stilling til deg på vårt nye, topp moderne sjukehus på Hjelset, og vi vil gjerne ha deg med på laget!
Vi har 3 ledige 100% stillinger der vi legg til rette for vidareutdanning i hjerte, infeksjon og geriatri.
Sengepost Medisin 3 SNR har 25 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta, og fagdag for alle tilsette i turnus. Vi ønsker å auke kompetansen i seksjonen med tre spesialsjukepleiarar.
Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogeleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.
Her er det hyggelege og engasjerte kollegaer som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda hos oss er stor. Vi tek vare på og rettleiar kvarandre.
Vi jobbar saman i team, og vi samarbeidar med fleire faggrupper gjennom dagen. Helsefagarbeidarar får tildelt relevante arbeidsoppgåver etter å ha gjennomført opplæring, dette avlastar sjukepleiarane i ein hektisk kvardag.
Vi legg tilrette for fleksible turnusordningar der ein kan velge å jobbe lange vakter, med arbeid kvar fjerde helg.
Høyrast dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta kontakt om det er noko du lurer på!
Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleder, +47 45761661, Katrine.Dalstein.Myrvang@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5113408021
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026