Er du ein sosial person som likar å gi god service? Har du lyst på ein jobb der du kan vise fram dine salsevner og hjelpe kundar i butikk? Då kan dette vere den perfekte stillinga for deg!
Me søkjer etter ein tilkallingshjelp som vil vere med på å skape gode kundeopplevingar og spreie glede i butikken vår.
Hos oss vil du få varierte arbeidsoppgåver, som kundebehandling, varepåfylling og kassearbeid.
Me ser etter deg som er fleksibel og kan stille på kort varsel ved behov, til dømes ved sjukefråvær, i ferieperiodar eller når det elles er behov for ekstra hjelp i butikken. Du må kunne jobbe både dag, kveld og helg.
Me tilbyr god opplæring og eit triveleg arbeidsmiljø. Me ser etter deg som har glimt i auget, ei god serviceinnstilling og trivst med å jobbe med menneske.
Du må ha fylt 18 år og meistre norsk, både munnleg og skriftleg.
Høyres detta ut som noko for deg? Då håpar me du sender inn søknaden din via søknadsskjemaet knytt til annonsa. Merk at det meste av kommunikasjonen vil gå via e-post, så hugs å sjekke innboksen din jamleg.