UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan seismologi (Solid Earth Seismology). Stillinga er for ein periode på 18 månader og er knytt til eit UKRI–Noreg-prosjekt finansiert av UK Research and Innovation (UKRI), med deltaking frå Universitetet i Cambridge og Universitetet i Bergen.
Prosjektet har tittelen «Seismic and thermal structure, deformation and evolution of the Adriatic and southeastern Europe’s lithosphere and underlying mantle». Det har som mål å undersøkje strukturen og dynamikken i litosfæren og den underliggjande mantelen i det sentrale og austlege Middelhavet, ein av dei mest tektonisk aktive regionane i Europa. Prosjektet vil bruke det unike datasettet frå AdriaArray-eksperimentet, som omfattar meir enn 1000 seismiske stasjonar, alle med breidband-instrument. Prosjektet kombinerer avanserte seismiske avbildingsteknikkar, inkludert tomografi, mottakarfunksjonar (receiver functions) og termodynamisk inversjon, for å utvikle høgoppløyste modellar av litosfærestruktur, temperaturvariasjonar og sentrale grenseflater som til dømes litosfære–astenosfære-grensa. Målet er å få ei betre forståing av prosessane som styrer subduksjon, kollisjon og ekstensjon, og å vurdere korleis strukturen i djupet av jorda påverkar seismisitet, vulkanisme og fordelinga av naturressursar, inkludert geotermisk energi og mineralførekomstar.
I prosjektet vil UiB-gruppa ha ansvar for å berekne teleseismiske P- og S-mottakarfunksjonar for stasjonane i AdriaArray og nærliggande område. Desse skal integrerast kvantitativt i dei tomografiske inversjonane, og støtte tolkinga av dei resulterande modellane. Den utvalde kandidaten vil arbeide mot følgjande mål:
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Stéphane Rondenay, Institutt for geovitenskap, e-post: rondenay@uib.no, tlf: +47 55583423.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Rådgiver Mathilde Høgalmen, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, e-post: Mathilde.Hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.