Fjord1 har no ledig stilling som matros på hurtigbåten MS Sylvarnes i Stavanger.
I denne stillinga jobbar du 1-1system. Arbeidsordninga gir høve til å reise heim etter endt vakt, og legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Dersom du har behov for det, kan vi tilby hybelordning i arbeidsperioden. Rederiet dekker reise til og frå arbeidsstad.
Som matros blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Hos Fjord1 får du ein trygg og stabil arbeidsplass med ansvar, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Fiskepiren 1
4013 Stavanger
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5123936055
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.