Os vidaregåande skule tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram, påbygg til generell studiekompetanse, særskilt tilrettelagt opplæring og studieførebuande. Skulen har om lag 700 elevar og 120 tilsette.
Skulens elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Vår visjon byggjer på formålsparagrafen til opplæringslova:
Vi jobbar med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.
Frå og med skulestart august 2026 har skulen ledig ei fast stilling som fagarbeidar/miljørettleiar. Stillinga er for tida knytt til avdeling for helse- og oppvekstfag og tilrettelagde grupper. Inntil vidare vil den nye medarbeidaren arbeida i mindre grupper med inntil åtte elevar og i samarbeid med fleire fagarbeidarar og lærarar. Elevane i dei små gruppene får kvardagslivs- og arbeidstrening i opplæringa. I dag arbeidar om lag fire pedagogar og sju fagarbeidarar i to tilrettelagde grupper.
Stillingsstorleiken er 100 %, med 93 % løn. Arbeidstida er 37,5 timer per veke i skuleruta og i ytterlegare tre skuleferieveker med tilsyn for elevar i dei tilrettelagde gruppane. Den som tek imot stillinga har difor arbeidsfri i nokre veker av normalarbeidsåret.
Skulen leverer tilsyn og aktivisering til eit utval av dei same elevane før og etter skuletid (TIV-ordninga), men innanfor ordinær arbeidstid. I tillegg tilbyr skulen TIV i nokre ferieveker.
Anna elevretta arbeid i tråd med utdanning og kompetanse kan verta aktuelt på andre avdelingar ved skulen i framtida.
Vi søkjer etter deg som har:
Den som får stillinga skal:
Det er ynskjeleg at søkjaren har:
Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi ønsker at du:
Lars Arne Nilssen, avdelingsleiar, 93897988
Kolskogheiane 14
5210 Os
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5142900519
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.