Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av Helse og omsorgsdepartementet, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport.
Vi søker etter ein bioingeniør til senteret som skal delta i dagleg drift. Bioingeniøren vil ta del som kurshaldar lokalt og nasjonalt og delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar. Bioingeniøren skal også utføre laboratoriearbeid tilknyttet utviklings og forskningsprosjekter som gjennomføres i senteret.
Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land.
Stillinga høyrer organisatorisk til Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Laboratorieklinikken.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Torunn Oveland Apelseth, Seksjonsleiar, ovto@ihelse.net
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5113889495
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.