Ein av våre tilsette skal bli pensjonist og me ønskjer oss ein ny medarbeidar for å gjere teamet komplett. Liker du å være aktiv saman med andre, samtidig som du er kreativ og ikkje er redd for å ta ei utfordring? Då oppfordrar vi deg til å søkje:
80 % fast stilling som miljøterapeut
Aukra kommune ønskjer seg ny medarbeidar som kan verte ein del av eit solid team med gode fagfolk. Stillinga som miljøterapeut skal i hovudsak bistå personar med rettleiing i dagleglivets oppgåver som; helse, søknadar, bustad, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men den som vert tilsett må kunne rekne med å arbeide på ettermiddag/kveld ved behov. Næraste leiar er avdelingsleiar.
Om avdelinga
Stillinga er organisert i psykisk helse og rus som høyrer til eining for Helse. Eininga består av legesenter, helsesjukepleie, fysio- og ergoterapi, samt psykisk helse og rus. Avdelinga består av 2 miljøterapeutar og 2 stillingar som psykiatrisk sjukepleier. Psykisk helse og rus driv lågterskeltilbod, førebyggjande arbeid, miljøarbeid og individuell oppfølging for personar med låge eller moderate psykiske helseproblem. Avdelinga er òg ein del av det psykiske helseteamet for barn og unge i Aukra kommune og er med i fleire tverrfaglege og interkommunale samarbeidsprosjekt
Vi ønskjer søkjarar med følgande kvalifikasjonar;
Kvalifiserte søkjarar utan vidareutdanning må forplikte seg til å ta dette for å bli tilsett.
Vi tilbyr
Link til søknadsskjema:
Søk herAukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3750 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har om lag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i tre nivå: kommunedirektør, fire kommunalsjefar som leiar kvar sin sektor med totalt 14 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar. Våre verdiar er "Attraktiv - Uredd - Kvalitet - Raus - Arbeidsglede. Vi legg stor vekt på meistringsorientert og myndiggjerande leiing