Vi har ledig faste helgestillingar i 18% stilling. Fast helgestilling inneber pt. arbeid i todelt turnus 3 kvar helg.
S1 er ein lukka døgnseksjon med 11 sengeplassar. Vi gir spesialisert utgreiing og behandling til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa blir menn oppfordra til å søke. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Marte Kristine Bjørgve, Seksjonsleiar, 55958712
Asle Gramstad, Ass. seksjonsleiar, 55958510
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Arbeidsgiver: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5106212882
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.