Kommunedirektør
Vår noverande styrar i Nipa barnehage går over til ny leiarjobb i kommunen, og vi søkjer difor ein ny engasjert barnehagestyrar i fast 100% stilling frå 01.08.2026, og som vil ta stafettpinnen vidare. Vi ønskjer deg som vil leie barnehagen gjennom vidare utvikling og sikre eit trygt og inspirerande læringsmiljø for barna.
Det er i Nipa barnehage sett av tid til leiing og administrasjon som for tida utgjer 40% av stillinga.
Nipa barnehage ligg i Sauesundet på Atløy. Barnehagen og Atløy skule held til i same bygg. Vi har stort og flott uteområde med skog, fjell, fjære, ballbinge og idrettsbane.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Dersom den som vert tilsett manglar leiarutdanning, så legg arbeidsgjevar til rette for at utdanning innan leiing i barnehagar kan bli tatt.
For nærare opplysningar ta kontakt med oss.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:
Søk herNipa barnehage ligg i Sauesundet på Atløy og har barn i alderen 1 til 6 år, og har to avdelingar. Vi er opptekne av friluftsliv, og pedagogikken vår er bygd med fokus på kropp, rørsle og helse. Barnehagen samarbeider med og er samlokalisert med Atløy skule. Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.