Vestre Slidre skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med omlag 180 elevar. Skulen ligg sentralt til i tettstaden Slidre. Her har vi god plass til variert aktivitet og læring både inne og ute. Vi har eit flott uteområde med mellom anna ballbinge, BMX-park, turnstativ, grillhytte og aktivitetsparken Tarzanjungelen.
Vår visjon er "Vestre Slidre skule - ein skule for alle, med blikk for den enkelte." Våre elevar skal føle seg verdifulle og verdsette for den dei er. Elevane skal møtast med respekt, omsorg og tillit. Våre elevar skal oppleve meistring gjennom å bli møtt med krav og forventningar ut frå eigen ståstad.
Sentrale pedagogiske satsingsområder er inkluderande skulemiljø, samt skriving og rekning i fag.
Vestre Slidre skule ynskjer tilsette som bidreg til inkluderande og motiverande opplæring. Ved Vestre Slidre skule er vi opptekne av det profesjonsfaglege fellesskapet og ynskjer tilsette som saman vil vera med å utvikle skulen.
Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 17-11
Vitnemål og attestar må følgje søknaden
Det at ein er personleg eigna vil bli vektlagt
Janne Opheim, Rektor, +47 97602202
Slidrevegen 17
2966 Slidre
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5127800454
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 20.05.2026
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no