Som butikkansvarleg og den som tar imot gjestene på Vitengarden får du ein variert kvardag med både butikkdrift og møte med publikum.
Du har ansvar for museumsbutikken – frå vareutval og nye leverandørar til utstillingar, kampanjar og justeringar ut frå marknad og trendar.
I møte med gjestene sel du billettar og årskort, ønskjer familiar, grupper og elevar velkomne og gir dei eit godt førsteinntrykk av Vitengarden. Du bidreg òg der det trengst i kvardagen, til dømes med borddekking til arrangement, planlegging og vertskap på aktivitetsdagar, eller ved årleg vedlikehaldsveke. Når kyrne skal skifta beite, treng me òg ei hjelpande hand.
Du trivst med digitale verktøy som kassesystem, booking og e-post.
Du får òg høve til å læra opp ungdommar som er – eller skal bli – vertar hos oss, i butikk, billettsal og god vertskapsrolle. Du blir ein del av eit gildt team på Vitengarden, med mykje ulik og unik kompetanse.
Vitengarden er eit kombinert museum og vitensenter der store og små kan læra ved å gjera. Her kan gjestene utforska naturvitskap, teknologi og matproduksjon gjennom utstillingar og aktivitetar som inviterer til nysgjerrigheit, leik og praktisk prøving.
Midt i det jærske kulturlandskapet på Nærbø møter ein både moderne utstillingar og museumsgard. Her kan ein finna ut kor maten kjem frå, bli kjend med dyra på garden og oppleva samanhengen mellom natur, teknologi og kvardagsliv – frå jord til bord.
Vitengarden er ein del av Jærmuseet og er ein populær møteplass for familiar, skuleklassar og grupper som vil utforska og oppleva saman.
For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden:
Ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Derfor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkja.
Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.
Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkar hjå oss kan du forventa følgjande:
Museet har ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar, i tillegg til det omreisande vitensenteret Science Circus.
Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.
"Å samkøyra formidlingskonsept som har utgangspunkt både i vitensentera og musea sin kompetanse og formidlingstradisjon, er gjort med stort hell mellom anna på Jærmuseet, der dette òg er organisatorisk samkøyrt i same institusjon. Kulturdepartementet ser gjerne meir utveksling mellom vitensenter og museum, der dette er naturleg, i tida som kjem." Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid
Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.