Vi har ledig 100 % stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Det vil vera mogleg å ynskje seg langvaktsturnus eller berre langvakter på helg i neste årsturnus.
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp og administrasjon av medisinar. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø, for det beste til brukarane, både innad i kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Heimetenesta i Alver er delt inn i 6 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team beståande av driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Avdelinga har ca. 23 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy. Manger heimeteneste kan tilby eit godt, kjekt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester. Vi har tilsette som arbeider langvaktsturnus. Ny årsturnus starter 30.11.26.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting: Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneSom medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger, Frekhaug, Knarvik, Ostereidet, Alversund og Lindås.
Kvar avdeling er organisert med eigen einingsleiar og assisterande einigsleiar.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.