Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger har vi ledig fast stilling som psykologspesialist i 100 % stilling.
Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjonar, og vi jobbar med kartlegging, samspelobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid – alltid med barnet sitt perspektiv som kompass.
Senteret i Stavanger er eitt av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat region vest. Barna i målgruppa er 0–6 år, med prioritering av 0–2 år. Kjerneoppgåva er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3.
Senteret kan òg tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret jobbar både heimebasert, i dagtilbod og døgnbasert.
Her er vi eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor, men som òg veit at ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Du vil jobbe saman med folk som stiller opp og støttar kvarandre. Her deler vi kunnskap og søker å utvikle kompetansen, vi stiller spørsmål, utfordrar og vi vil kvarandre vel.
Vi ser etter deg som har lyst til å bringe psykologfaget tydelegare inn i barnevernsarbeidet, som bringar nye perspektiv og idear inn i teamet og kan utfordra etablert praksis.
Du er lærevillig òg nysgjerrig og villig til å utvikla deg saman med resten av teamet.
Du har erfaring frå arbeid med dei minste barna og foreldra deira, og du trivst i skjæringspunktet mellom kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing.
Og du er typen som både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar – og som toler at ingen dagar er heilt like.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.