Vi har ledig 100% fast stilling for psykologspesialist i nevropsykologi frå 01.09.2026. Psykolog under spesialisering innan nevropsykologi vil også bli vurdert.
Vi er ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar, og vi ønsker deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar. ReHabiliteringsklinikken utgreier og behandlar menneske med medfødte og erverva sjukdomar og skadar, for å fremme betre funksjonsnivå, meistring og livskvalitet.
Hos oss samarbeider mange helseprofesjonar. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.
AFMR er lokalisert på Nordås og gir spesialiserte tilbod til mennesker med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har regional funksjon for pasientar med alvorlege traumatiske hodeskader, og nasjonal funksjon for tidleg brannskaderehabilitering.
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettsplager m.a. Vi har for tida totalt 4 psykologar og 1 testtekniker.
Klinikken er i ein spennande utviklingsfase med fleire pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. nybygg og samlokalisering på Nordås i 2028.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Herborg Tegle, Seksjonsleiar, 55918440
Nordåsgrenda 4
5235 Rådal
Arbeidsgiver: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5114779035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.