Vil du jobbe i ein av Europas mest moderne intensivseksjonar? Vi har flerie tilsette ute i svangerskapspermisjonar og treng derfor fleire med på laget!
Intensiv SNR har ledig ei fast stilling (100%) som intensivsjukepleiar, og 2 midlertidige vikariat (100%), oppstartdato etter avtale!
Som intensivsjukepleiar på intensiv SNR blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF. Hjå oss står fagutvikling, opplæring og inkludering høgt på agendaen. Vi har eit sterkt og støttande arbeidsmiljø prega av humor og felleskap.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal(SNR) er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, ortopediske, medisinske, nevrologiske, gynekologiske/føde-pasientar og barnemedisin og -habilitering. Vi er også eit traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til eit godt samarbeid både fagleg og sosialt. Vi har faste dagar inkludert i turnus til fagdagar og MTU-oppdatering, og vi har stort fokus på simulering.
Du må gjerne kome innom for å sjå om dette kan vere noko for deg! Her jobber ein veldig triveleg og fin gjeng med dyktige fagfolk, og vi håper å få nye flinke kollegaer! Ta gjerne kontakt for meir informasjon, og følg oss gjerne på instagram! (intensiv_snr_hmr)
Vi ber om at vitnemål, tenestebevis og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.
Kjetil Skjærset, Seksjonsleder, +47 99236475
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5136232832
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 13.06.2027
Søknadsfrist: 10.06.2026