Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus søkjer overlege i indremedisin med spesialisering i gastroenterologi eller kardiologi.
Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde.
Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har fire overlegestillingar og seks LIS1 i normal drift. Medisinsk sengepost dekkjer medisinsk akuttfunksjon for pasientar i Nordfjord-regionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde.
Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, inkludert3 observasjonssenger. Vi driftar også dagbehandling for dialyse og fleire ulike poliklinikkar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, (+47) 932 90198
Sjukehusvegen 10
6770 NORDFJORDEID
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5141070644
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.