Kvalitet, nytenking og tru på mennesket – kjenner du deg igjen i verdiane våre? Vil du vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag som har stor betydning for livet til enkeltmenneske? Konfliktrådet med kontorstad Stavanger søkjer no etter ein ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver. Her får du høve til å vere med og utgjere ein forskjell for menneske i konflikt og skape positiv endring for ungdom som har begått kriminalitet.
Stillinga som ungdomskoordinator er ei lovregulert rolle med ansvar for gjennomføring av dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging,
se konfliktrådsloven kap. IV.Som ungdomskoordinator skal du setje saman og leie eit oppfølgingsteam rundt ungdommen og utarbeide ein ungdomsplan med tiltak som ungdommen forpliktar seg til å følgje. Dette arbeidet skjer i tett samarbeid med ungdommen, ungdommen sin verje, privat nettverk og offentlege instansar som politi, barnevern, skule, kriminalomsorg og helsetenester. Du må meistre og trivast med å arbeide i skjeringspunktet mellom straff og hjelp.
Som ungdomskoordinator har du vidare ansvar for å leie lokale koordineringsgrupper som bistår påtalemakta i vurderinga av om ungdomsreaksjon er eigna for den enkelte ungdommen. Gjenopprettande prosess er eit viktig element i straffereaksjonane, og du skal bidra til at det vert arbeidd gjenopprettande gjennom heile straffegjennomføringa.
Du vil som ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver bidra til konfliktrådet sine øvrige oppgåver gjennom saksbehandling av meklingssaker, fagleg oppfølging av meklarar og rettleiing i bruk av gjenopprettande prosess. Stillinga inneber også å svare på brukarhenvendingar, drive utadretta verksemd, bidra til fagutvikling og delta i planlegging og gjennomføring av arrangement.
Det er ein fordel om du i tillegg har erfaring med:
Personleg eignaheit vil bli særleg vektlagd.
Kontorstad er Stavanger, men stillinga inneber oppgåver i heile Konfliktrådet i Sør-Vest sitt ansvarsområde. Du må rekne med noko reiseverksemd, og det er ein fordel om du disponerer eigen bil. Arbeid utanfor ordinær kontortid vil kunne førekome, då enkelte møte vert gjennomførte på ettermiddag og kveld.
Tilsette i staten skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Søkarar med nedsett funksjonsevne, overtalsattest i staten eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga, vert oppmoda til å søkje.
Alle søkjarar må laste opp relevante vitnemål og attestar i portalen. Vurderinga av søknaden blir basert på den informasjonen som ligg føre ved søknadsfristen sitt utløp. Det er derfor viktig at du tydeleg viser korleis kompetansen din oppfyller krava som er sette.
Søkjarar blir bedne om å merke seg at førstegongsintervju (gruppeintervju) blir gjennomført 20. august.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte konfliktrådsleiar Kirsten Borsheim på telefon 915 66 509.
Søknadsfrist: 9. august 2026.