Kombiner jobb med vakker natur 🌄
Nokre somrar blir sitjande litt ekstra i kroppen. For Lars som har vore sommarvikar hos oss to år på rad, er det akkurat sånn.
Han fortel om dagar der alt skjer på ein gong, der han får følgje med, hive seg rundt, spørje og lære – men også om kor trygt det kjennest når kollegaane rundt han forklarer, viser og dreg han med i det som skjer. «Du står aldri berre på sidelinja», seier Lars , «du merkar at du trengst».
Hos oss får vere ein del av kvardagen til pasientar og pårørande, og du jobbar tett saman med andre faggrupper som tek deg inn i gjengen, gir deg trygg opplæring og er lette å spørje.
👉 Søk sommarjobb hos oss – og bli med der det skjer. Perioden gjeld frå veke 26 til og med veke 33. Vi har fire ledige stillingar på dagtid og éi ledig stilling på natt. Skriv gjerne i søknaden dersom du har spesielle ønskje når det gjeld arbeidstid.
For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.
Du får mellom anna:
Vi ser etter deg som:
Hos oss får du:
Tilreisande tilbys møblerte hyblar.
Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466474
Sjukehusvegen 26
5451 VALEN
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5124506299
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 24.05.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.