Har du lyst på ein jobb der du kan bruke salsevner, møte mange kjekke menneske og bidra til gode kundeopplevingar? Då kan dette vere jobben for deg!
Me i Nille Sogndal ser etter ein ferievikar som vil vere med og skape ein kjekk butikk for både kundar og kollegaer. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med oppgåver som kundebehandling, varepåfylling, kassearbeid og å halde butikken ryddig og innbydande.
No nærma sommaren seg, og me ser etter deg som ønskjer ein sommarjobb. Stillinga er om lag 50% i perioden veke 28-31, med gode moglegheiter for fleire vakter før, under og etter perioden. Du må kunne jobbe både dagtid, kveldar og helg.
Hos oss får du god opplæring og eit triveleg arbeidsmiljø. Me ser etter deg som er positiv, serviceinnstilt, pliktoppfyllande og som trivst med å jobbe med menneske.
Du må ha fylt 18 år og kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Då håpar me du sender inn søknaden din via søknadsskjemaet som er knytt til annonsa. Merk at mesteparten av kommunikasjonen vil gå via e-post, så hugs å sjekke innboksen din jamleg.