Vil du være med å bidra til å betre avløpsituasjonen og nærmiljøet i vår region?
Tilsynssamarbeidet i Nordfjord leverer tenester til dei 5 kommunane Kinn, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen. Tilsynet jobbar systematisk og målretta for å ivareta viktige samfunnsinteresser. Gloppen er vertskommune, og vi har kontorplass på Sandane. Vi samarbeidar tett ilag med fagmiljøa i alle kommunane.
Vi søkjer ein fagleg sterk og engasjert medarbeidar som vil vere med å utvikle og følgje opp arbeidet med spreidde avløpsanlegg. Stillinga omfattar sakshandsaming, rådgjeving og oppfølging av tiltak som skal bidra til betre vassmiljø og berekraftig forvaltning av avløpsløysingar utanfor offentleg avløpsnett.
Vi tilbyr ein spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø. Du vil få moglegheit til å bidra til samfunnsutviklinga i regionen, hindre unødvendige utslepp og sikre godt vassmiljø i kommunane. Du vil få ein variert arbeidskvardag med kontorarbeid og fysiske tilsyn. Du vil få sjansen til å bli kjent med folk og bransjen i heile regionen og har gode moglegheiter for fagleg utvikling. Lønn etter avtale og fleksibel arbeidstid.
Andreas Standal Eikrem, Tenesteleiar tilsynssamarbeid, 909 47 557
Grandane 9
6823 SANDANE
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5141170643
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.07.2026
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.