Er du sjukepleiar som ønskjer eit spennande vikariat der du får bruke fagkunnskap og medmenneskelegheit til å skape tryggleik, trivsel og meistring for andre? Då ønskjer vi deg velkomen til Svelgen Omsorgssenter! Vi har frå august 2026 ledig to vikariat i 100% stilling som sjukepleiar i eitt år.
Svelgen Omsorgssenter er moderne, lyst og heimekjent – ein plass der pasientane bur trygt og godt. Som vikar hos oss får du ein tilrettelagd og inkluderande arbeidsplass, der fagmiljøet deler kunnskap, støttar kvarandre og gir deg ein trygg start.
Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov, inkludert eige lindrande rom. Sjukepleiarane våre deltek òg i eit spennande legevaktsatellitt-tilbod, noko som gir deg brei erfaring på kort tid.
Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid. Vikariatet passar godt for deg som ønskjer fagleg utvikling, variasjon og ein arbeidsplass som tek deg godt imot.
Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Du vil mellom anna:
Vi ser etter ein medarbeidar som er:
Serviceinnstilling og personleg eignaheit vert lagt stor vekt på. Her får du ikkje berre ein jobb – men ein kvardag der du verkeleg kan utgjere ein forskjell
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Les meir om ordningane på
https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/I tillegg får du:
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
Granden 1
6723 Svelgen
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5139949034
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!