Vestre Slidre er ei av seks kommunar i Valdres. Innbyggartal er nær 2200. Vestre Slidre kan by på storslått natur med rike høve til aktivt friluftsliv og med turstigar og preparerte skiløyper så langt auga kan sjå. Vestre Slidre er hovudsakleg å rekne som ein jordbrukskommune med fire tettstader, inkludert hyttesenteret oppe på Vaset. Sokna i Vestre Slidre nyttar nynorsk. Fellesrådsområdet er inndelt i 3 sokn; Lomen, Slidre og Røn. I tillegg til dei tre soknekyrkjene er det ei stavkyrkje, eit kapell og ein kyrkjeruin. Det er kort avstand mellom dei ulike kyrkjene i kommunen. Alle ligg innanfor ein radius på ti km frå kyrkjekontor og prestegard. Kyrkjekontoret er triveleg og ligg i kommunens lokale sentralt i Slidre. Hovudkyrkja, Slidredomen, som er frå mellomalderen, og prestegarden ligg ved sidan av kvarandre, og i gangavstand til kyrkjekontoret. Prestegarden kan leigast som tenestebustad.
Kyrkjelivet i Vestre Slidres har eit tydeleg folkekyrkjeleg preg. Stølsmesser på fjellet, friluftsgudstenester på gamle kyrkjetomter og tradisjonsrik olsokmesse i Lomen stavkyrkje set folket pris på. Kyrkja har saman med kommunane Vestre Slidre og Vang starta opp tilbodet Mekkeklubben. Ansatt i kirkelig undervisning er ansvarleg for tilbodet og det er ynskjeleg at soknepresten tek del i dette arbeidet. Sokna har til saman ca. 15.
På Slidreøya ligg ei avdeling av Kriminalomsorgen Innlandet med om lag 25 innsette på lavere sikkerhet. Presten er på fengselet kvar 14.dag, og ein gong i året tilrettelegg soknepresten i samarbeid med fengselet ei tre dagar lang pilegrimsvandring for motiverte innsette.
I tillegg til presten er det til saman 6 tilsette i staben i Fellesrådet; Kyrkjeverge i 100%, organist i 60%, kyrkjelydsarbeidar/kirkelig undervisning i 50% , to ringarar i 6% kvar, to klokkarar i om lag 10% kvar, ein kyrkjetenar i 50%, og ein tilsynshavar ved stavkyrkja i 10% stilling. Det er gode samarbeidsforhold i staben. Det er ynskjeleg med ein prest som veit å verdsette eit tverrfagleg samarbeid.
Folk i Valdres har stor interesse for tradisjon og historie og folkemusikken er levande. Den musikalske breidda kjem til syne mellom anna ved arrangement som Jørn Hilme-stemnet, Valdres sommersymfoni, Vinjerock og Hemsingfestivalen. Fagernes ligg 20 km frå Slidre sentrum og er Valdres sin vesle by der mellom anna Rakfiskfestivalen går av stabelen kvar haust.
Valdres prosti har 6 fellesrådsområde som utgjer kvart sitt fellesrådsområde. Samla folketal er om lag 18 000. I tillegg kjem ei stor hyttebefolkning. Eit særpreg ved kyrkjebiletet i Valdres er at kyrkjene ligg tett. I Valdres er det 6 stavkyrkjer. Pilegrimsvegen frå Hedalen til St. Tomaskyrkja på Filefjell (163 km) går gjennom Vestre Slidre.
Den som blir tilsett må leggja fram politiattest utan merknad, jfr. Politiregisterlova §39, jfr. trussamfunnslova §20.
Det blir utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentlegslova §25, jfra. Kyrkjeordninga for Den norske Kyrkje §42. Oppmodning om å få sitt namn gjort unntak fo denne, må grunngivast i søknadsteksten. Behandlingsgrunnlag etter personvern forordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Hamar bispedømme skal vera ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidater til å søkja.
Cand.theol eller oppfyller kvalifikasjonskravet beskrive i Tjenesteordningen for kyrkjelydsprestar §3.
Praktisk teologisk utdanning.
Søkjaren må opplysa om ein mestrar både nynorsk og bokmål
Stillinga blir lønt i stillingskode 1555 sokneprest.
Innskot i offentleg pensjonskasse.
Skyssgodtgjering for tenestekøyring og andre godtgjersler etter gjeldande reglar.
Tenestebustad om dette er ynskeleg.
Arbeidsrettleiing i regien til bispedømmet.
Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetjing i Den norske kyrkja, og dessutan etter tenesteordning for kyrkjelydsprestar.
Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver og dessutan tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov, regelverk og tenesteordning i Den norske kyrkje.
Tor Even Fougner, prost, 97629905
Eli Bekken, Rådgiver, +47 62550350
Slidrevegen 20
2966 Slidre
Arbeidsgiver: Den norske kirke
Referansenr.: 5144121203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Det er vakkert i Valdres. Etter ein halv times køyring ligg fjellet der med vatn og stølslag og fine sykkelvegar imellom. Det er fisk i vatna og utsyn frå toppane og elg i skogen.
Landbruk og handverk er hovudnæringane. Det er stor ekspansjon i turistnæringa for tida med hyttebygging. Dei siste åra har Valdres vorte "merkevare" under tittelen/ logoen Valdres skjerper sansene.
Fagernes er tettstad med ca 1700 innbyggjarar og har bystatus. Den vidaregåande skulen ligg på Leira , 3 km sør for Fagernes. Der ligg også Valdres Folkehøgskule.
Folk i Valdres har stor respekt for tradisjon og historie. Folkemusikktradisjonen er levande og fornyar seg. Pilegrimsleden går gjennom Valdres.