Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer, og no treng vi deg på laget.
Eininga omfattar ein sengepost med fem gynekologiske senger og ein gynekologisk poliklinikk. Stillinga inneber fortrinnsvis ein tredelt turnus på sengeposten. Som sjukepleiar ved gynekologisk eining får du ei variert arbeidskvardag i ei til tider travel, men triveleg avdeling.
Pasientgruppa vår er samansett av kvinner i alle aldrar. På sengeposten blir det gjeve pre/postoperativ behandling i forbindelse med gynekologiske operasjonar, behandling og pleie til pasientar med gynekologisk kreft, behandling av alvorleg svangerskapskvalme og abortbehandling, for å nemne noko. På poliklinikken er pasientane gravide kvinner som treng oppfølging gjennom svangerskapet, og andre kvinner med ulike gynekologiske problem. Vi gjer også mindre gynekologiske inngrep med lokalbedøving på poliklinikken.
Vi samarbeider med kirurgisk avdeling. Når gynekologisk eining er stengt på grunn av ferieavvikling på sommaren eller høgtider, vil du som sjukepleiar jobbe på kirurgisk avdeling. Gynekologisk sengepost er i drift fem dagar i veka, frå måndag til fredag, og er stengd i helgene. Dette inneber at gynekologiske pasientar blir overført til kirurgisk avdeling i helgene.
Oppstart etter avtale.
Relevant sjukehuserfaring.
Hos oss er det viktig at du:
Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid. Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Solveig Hesflått Haugen, Funksjonsleiar, +47 91885962
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5128632405
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 18.06.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.