Arbeidsområde: Vinje og Kviteseid -- med mogleg arbeid i heile Vest‑Telemark
Oppstart: 1. september 2026 (eller etter avtale)
Søknadsfrist: 03. mai 2026
Kvito har mykje spanande på gang -- og no treng vi ein ny medarbeidar som brenn for arbeidsinkludering og ungdom. Vi ser etter deg som trivst i møte med menneske, som ser moglegheiter der andre ser hinder, og som ønskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell.
I denne rolla vil du vere ein viktig støttespelar for ungdom og vaksne som treng hjelp til å finne sin veg inn i arbeidslivet. Du vil mellom anna:
kartleggje ressursar, interesser og moglegheiter
gjennomføre karriererettleiing
bidra til utvikling av arbeidsevne og meistring
samarbeide tett med NAV, næringslivet og andre samarbeidspartnarar
skreddarsy oppfølging og tiltak for kvar enkelt deltakar
vere ein trygg og tydeleg rettleiar for ungdom i sårbare overgangar
Vi ser etter deg som har:
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
helse‑, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet
arbeidsinkluderingskompetanse og/eller relevant erfaring
interesse og kompetanse innan IT og digitale løysingar
brei erfaring frå arbeid med ungdom
gode samarbeidsevner og sterk relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar, engasjement og evne til å skape tillit vil bli vektlagt.
Vi oppmodar menn til å søkje.
Du må disponere eigen bil.
er løysingsorientert, fleksibel og sjølvstendig
trivst med å jobbe både ute i felt og på kontor
har eit ekte engasjement for menneske og arbeidsinkludering
likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo og mykje ansvar
grundig opplæring og tett fagleg støtte
ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
stor moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og innhald i jobben
eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
gode velferdsordningar
løn etter avtale
Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest, jf. § 21 i arbeidsmarknadslova.
Vest‑Telemark, med hovudvekt på Vinje og Kviteseid.
For spørsmål om stillinga:
Torbjørn Blichfeldt Dyrland , dagleg leiar
E‑post: torbjorn.dyrland@kvito.no
Telefon: 932 61 670
Send søknad og CV til:
torbjorn.dyrland@kvito.no
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Om oss
Kvito As er den største arbeids- og inkluderingsbedrifta i Vest-Telemark. Vi bygger på lang erfaring frå dei tidlegare bedriftene Vinje Vekst, Vito Kompetanse og Kviteseid Arbeidssamvirke, som i 2012 fusjonerte og blei til Kvito AS. Vi har avdelingar i Vinje, Kviteseid, Tokke, Nissedal og Fyresdal.
Frå 01 januar 2023 blei vi også ein del av Kopano som er ei landsdekkjande kjede av leiande arbeids og inkluderings bedrifter i Noreg.
Gjennom våre ulike tiltak ynskjer vi å vera ei bru til arbeidslivet, i nært samarbeid med den enkelte jobbsøkjar, NAV og næringslivet.