Brenn du for lokaljournalistikken og har lyst til å setje dagsorden lokalt? Då vil vi høyre frå deg!
Vi søker deg som har nokre års erfaring, jobbar sjølvstendig, liker å prate med folk og har høg arbeidskapasitet. Du leverer både grundige reportasjer og raske nyheitssaker, og forstår verdien av gode bilete og video.
Har du i tillegg erfaring med sosiale medium og frontredigering, er det eit pluss.
Vi ser etter deg som vil jakte gode historier, møte folk og formidle aktuelle saker frå lokalmiljøet.
• Ein spennande og variert arbeidskvardag
• Eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Tett samarbeid med vår naboavis, Sulaposten, gir et større redaksjonelt miljø
• Konkurransedyktige betingelsar
Haramsnytt er ei partipolitisk uavhengig avis. Redaksjonen har 2,5 årsverk, og administrasjon og sal har 1,5 årsverk. Vi held til i moderne lokale i kommunesenteret Brattvåg. Papirutgåva vår kjem ut kvar torsdag.