Omsorg med meining – vil du bli vår nye kollega?
Bømlo heimeteneste har ledig to 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar. Stillinga inneber turnusarbeid, med arbeid kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. helg.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du er med og legg til rette for at menneske kan leve gode og trygge liv i eigen heim eller i tilrettelagt bustad. Me ser etter deg som ønskjer å gjere ein forskjell, og som vil vere ein del av eit engasjert og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
Trygg start med mentorordning
Som nytilsett i Bømlo heimeteneste får du ein mentor det første året. Mentoren gir deg fagleg rettleiing, støtte i kvardagen og ei god innføring i arbeidsoppgåver, og arbeidsmiljø. Målet er at du raskt skal kjenne deg trygg i rolla, oppleve meistring og trivsel – og få ein god start hos oss.
Søk via Webcruiter – me gler oss til å høyre frå deg!
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Har du spørsmål om stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Elin Akse på telefonnr: 412 48119.
Elin Akse, Avdelingsleiar Sone Sør, 412 48 119, Elin.Akse@bomlo.kommune.no
Hilde Markhus, Verksemdsleiar Bømlo heimeteneste, 909 49 278, Hilde.Markhus@bomlo.kommune.no
Leirdalen 1
5430 Bremnes
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5120080203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 20.05.2026
Heimetenesta tilbyr eit breitt spekter av tenester, mellom anna:
Vårt mål er å støtte brukarane i å meistre kvardagen – med respekt, fagleg tryggleik og omsorg i sentrum. Hos oss møter du kollegaer som deler kunnskap, støttar kvarandre og har felles fokus på kvalitet i tenestene.
Me i Bømlo kommune er stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringsliv med vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida.
Bømlo kommune har om lag 800 årsverk. Me er utviklingsorienterte og jobbar saman for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling. Me legg vekt på samarbeid, innovasjon og det grøne skiftet.
Våre tilsette er den viktigaste ressursen me har – og me ser etter folk som er rause, modige og engasjerte.
Trygg pensjonsordning: Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje.
Gode medlemsfordelar: Med pensjonsrett hos oss får du medlemspris og gunstige vilkår på bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikringsordningar: Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo.