Har du erfaring med rekneskap og kan tenkje deg å kombinere kunnskapen med rådgjeving?
SpareBank 1 Rekneskapshuset SMN søkjer etter nye kollegaer som har erfaring med rekneskap/revisjon og ønskjer å vere ein del av eit spanande arbeidsmiljø der rådgjeving står i sentrum.
Ja, du vil jobbe med nokre rekneskapsoppgåver som bokføring, avstemming og årsoppgjer, men stadig større delar av dette arbeidet tek gode datasystem seg av. Dette gjer at rolla som rekneskapsrådgjevar inneheld så mykje meir.
Du vil jobbe som ein sparringspartnar for kundane og vere den dei spør om råd når det gjeld framtidige investeringar, generasjonsskifte, digital utvikling og mykje meir. Vi forventar ikkje at du kjenner til alle desse fagområda, og det treng du heller ikkje; vi er så heldige at vi har ei rekkje spesialistar i konsernet som kan bidra til å løyse utfordringane kunden står overfor. Dei spelar vi på lag med for å finne skreddarsydde svar for kvar enkelt kunde. Det synes vi som jobbar her er inspirerande og lærerikt, samstundes som vi kan finne dei beste løysingane ilag.
Kundemassen vår består av store og små verksemder der vi rettleier og opptrer som ein viktig støttespelar. Ditt ansvar som rekneskapsrådgjevar vil vere å ta hand om økonomien til verksemda, slik at dei kan fokusere på drifta si.
Arbeidskvardagen din vil bestå av teambasert og sjølvstendig rekneskapsarbeid, digitalisering og effektiv arbeidsmetodikk i skybaserte system, kundemøte, kundebesøk og proaktiv rekneskapsrådgjeving frå A til Å. Du må ha evna til å byggje relasjonar basert på tillit, og like å prate med folk som står i ulike utfordringar.
I rolla som rekneskapsrådgjevar ser vi etter deg som har ein bachelorgrad i økonomi, er statsautorisert rekneskapsførar eller på god veg til å bli det. Du må ha god rekneskapsfagleg forståing og bruke kompetansen din aktivt ut mot kundane. Vi jobbar teambasert, så gode relasjonelle ferdigheiter og god kommunikasjon er viktige kompetansar i rolla.
I SpareBank 1 SMN er vi opptekne av samarbeid og det å skape synergi på tvers. Du vil bli del av eit solid kompetansemiljø med store moglegheiter for personleg utvikling og gode karrieremoglegheiter.
Og kanskje viktigast av alt: du blir ein del av eit lag som er oppteke av å gi tilbake – både til lokalsamfunnet og regionen vi er ein del av.
Då oppmodar vi deg til å søkje - også om du ikkje fyller alle krava.
Du treng ikkje skrive søknadsbrev. Du svarar på nokre spørsmål i søknadsportalen og lastar opp CV/vitnemål og eventuelle andre relevante dokument.
Vi skal bidra til bærekraftige lokalsamfunn
SpareBank 1 SMN-konsernet er Midt-Norges ledende finanskonsern. Vi hjelper deg med alt fra privatmarked og bedriftsmarked til eiendomsmegling og regnskap. Lokalsamfunnet er vår største eier, og får sin del av bankens overskudd. Dette kaller vi samfunnsutbytte, og hvert år bidrar samfunnsutbyttet til små og store formål som skal gjøre Midt-Norge til en enda bedre plass å bo.
Bærekraft
Sosialt ansvar og bærekraft er viktige fokusområder for hele SpareBank 1 SMN-konsernet. Det lokale er spesielt viktig, men vi tenker også nasjonalt og globalt. Vi jobber bredt med FNs bærekraftsmål og følger FNs prinsipper for ansvarlig bankdrift.
Framover skal vi fortsette å ha et aktivt og ansvarlig forhold til bærekraft. Vi skal være en del av løsningen og en proaktiv alliert i omstillingen til et mer bærekraftig samfunn. Vi er opptatt av likestilling og mangfold internt, og gjennom rådgivning, produkter og tjenester skal vi styrke økonomisk likestilling i samfunnet.
Mangfold
Mangfold er en styrke på arbeidsplassen. Derfor oppfordrer vi folk med ulik kompetanse, livserfaringer, perspektiver, alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting til å søke på våre.