Vi har tre fødeeiningar på Kvinneklinikken: Føde AB, Føde C og Føde D Storken. Føde AB har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, samt barseloppfølging. Alle seksjonane samarbeider tett for å løyse bemanningsufordringar i fellesskap.
Fødeavdelinga er såleis ein spennande arbeidsstad for jordmorstudentar. Vi treng helgestillingar frå april 2026. Det vil vere 3-delt turnus, med arbeid på helg og høgtidsdagar. Det vil vere mulig å få tilpassa turnusen med studier.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kari Aarø, Seksjonsleiar, +47 41701662
Haukelandsveien 2
5093 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5110144571
Stillingsprosent: 20%
Vikariat
Startdato: 13.04.2026
Sluttdato: 15.06.2027
Søknadsfrist: 01.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.