Giske skule har ledig vikariat i 100 % stilling som lærar med kontaktlæraransvar skuleåret 2026/2027.
Visjonen for ein oppvekst i Giske kommune er «Det var bra eg kom» med utgangspunkt i barnet si erfaring i møte med barnehage og skule. Giske skule sin visjonen - «Ein god stad å vekse», er grunnmuren i alt vi gjer – for både elevar og vaksne. Vi legg vekt på samarbeid, nysgjerrigheit, utvikling og rausheit, og saman skapar vi eit inkluderande miljø der alle får moglegheit til å vekse, både sosialt og fagleg.
Giske skule er ein 1.–7. skule med om lag 90 elevar og med i underkant av 40 elevar i SFO.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Sunniva Åkernes Kvalsund, einingsleiar/rektor, +47 47285282
Skulevegen
6052 Giske
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5140499292
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.06.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.