Sommarjobb for ungdom som fyller 16 år i løpet av året og fram til fylte 18 år.
Austevoll kommune søker engasjerte og omsorgsfulle ungdomar til hovudsakleg arbeid innan helsetenester og familieaktivitetar.
Dette er ein fin moglegheit til å få arbeidserfaring, lære meir om helse- og omsorgsyrket, bidra til gode opplevingar for bebuarane og skape ferieminner for familiar.
Vi vil prioritere ungdom som ikkje har jobba hos oss tidlegare!
Når du søker sommarjobb må du opprette profil på Jobbnorge. Der må du aktivt følge med, då vi sender informasjon og tilbud direkte dit.
Ring om du har spørsmål om stilling.
Send oss ein søknad der du fortel litt om deg sjølv og kvifor du ønsker sommarjobb hos oss. Du må opplyse om kva to samanhengande veker du kan jobba hos oss i sommar.
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!