Stillinga er per i dag knytt til teneste om bord på MF Lærdal, bygd i 1997. Fartøyet vart i 2019 oppgradert til hybridfartøy med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette gir deg høve til å arbeide med moderne og miljøvennleg teknologi, og bidra aktivt til ei grønare framtid på sjøen.
Som dekkssjef vil du spele ei viktig rolle om bord, med ansvar for tryggleik og stabil drift av sambandet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving.
Arbeidsordninga er 12‑timars vakter med ei veke dag og ei veke natt, etterfølgd av to veker fri. Fjord1 tilbyr ein einebustad for mannskapet på kaien, berre få steg frå arbeidsplassen. I same område finn du òg matbutikk og treningsmoglegheiter, som gjer kvardagen enkel og praktisk i arbeidsperioden.
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no
5635 Hatlestrand
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5123764270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.