Leiar Miljøarbeidartenesta
Helse og velferd er ei eining i Austevoll kommune med om lag 200 tilsette. Eininga leverer fleire helse- og omsorgstenester, mellom anna miljøarbeidartenesta. Målet vårt er å gi tilpassa og fagleg forsvarlege tenester, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Miljøarbeidartenesta gir praktisk hjelp, opplæring og oppfølging til personar med nedsett funksjonsevne, i tråd med vedtak. Gullsmedvegen bu og avlasting er ei av avdelingane i miljøarbeidartenesta. Her er avlastingseining for barn og unge samt omsorgsbustader for vaksne i tilknyting. Hos oss har vi årsturnus, der du får vere med og påverke eigen turnus. Vi har òg fleire stillingar med langvakter, som kan gi lengre friperiodar og meir forutsigbarheit i kvardagen.
Tenesta omfattar:
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta 25.000 kroner av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, og du kan sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside.
Miljøarbeidartenesta har ei ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar. I tillegg har vi ei ledig 55 % nattstilling.
Vi tilbyr årsturnus med moglegheit for å påverke eiga arbeidstid. Arbeidsstad er for tida Gullsmedvegen bu og avlasting, som omfattar tre omsorgsbustader med bemanning heile døgnet og avlasting for barn og unge med tre sengeplassar.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!