Ein av våre dyktige nattavdelingssjukepleiarar går no av med pensjon, og me søkjer ein etterfølgjar. Korttids- og rehabiliteringsavdelinga samarbeider tett med nattpatruljen i heimesjukepleien.
Me ser etter ein medarbeidar som er fleksibel og som kan bidra på tvers av avdelingane ved behov. Det er difor krav om førarkort for personbil. Stillinga er ei 50 % nattstilling, inngår i turnus og har arbeid kvar tredje helg.
Litt om avdelinga:
Korttid- og rehabiliteringsavdelinga held til i flotte og nyoppussa lokale i 2. etasje på Sivdamheimen. Avdelinga har 24 rom, der nokre også blir nytta som lindrande senger. Pasientgruppa er samansett, og arbeid ved avdelinga gir stor fagleg variasjon og mange spanande utfordringar. Avdelinga har fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar, og det er knytt fleire tverrfaglege ressursar til avdelinga, mellom anna tilsynslege, klinisk ernæringsfysiolog samt fysio- og ergoterapeut.
Nattpatruljen yter tenester til heimebuande pasientar, og mange av desse er kjende for korttid- og rehabiliteringsavdelinga. Oppgåvene kan ofte vera knytte til kliniske sjukepleiarprosedyrar eller bistand ved handtering av tryggleiksalarmar.
Avdelinga ligg sentralt til på Bryne, med kort gangavstand til togstasjonen.
– for søkjarar med anna morsmål enn norsk krevst dokumentert språknivå på minimum B2
og har utdanning frå utlandet, legg ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir)
Det vert kravd politiattest før tiltreding i stillinga.
Klikk her: her kan du sjå film fra vår virksomhet.
Anlaug Øie, Avdelingsleder, 47628866, anlaug.oie@time.kommune.no
Røyrvika 13
4340 Bryne
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5091425539
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 03.05.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.