Fysioterapitenesten i avdeling helsefremming- og rehabilitering har ledig ein fast 100 % stilling som fysioterapeut. Avdeling helsefremming- og rehabilitering består av fysioterapi, ergoterapi, kartleggingsteam, service/hjelpemidler, kvardagrehabilitering og basseng. I ein avdeling med mange forskjellige fag- og fokusområder verdsett vi evne til godt tverrfagleg arbeid.
Fysioterapitenesten i Bjørnafjorden kommune består av 15 fysioterapeuter med driftsavtale og 6 kommunalt tilsette fysioterapeuter, fordelt på begge sider av Fusafjorden.
Arbeidsstad
Bjørnafjorden Vest - Hovudsakleg kontorplass på Luranetunet bu- og behandlingssenter. Ein mindre del av stillinga vil og vere på gamle Lyssandsfabrikken.
Arbeidsoppgåver
Stillinga omhandlar hovudsakleg undersøking, behandling, rehabilitering, habilitering og oppfølging av vaksne og eldre tilknytta korttidsavdelingar og heimeboande. Deler av stillinga vil vere tilknytta kvardagsrehabilitering og kartleggingsteamet.
Viktige oppgåver er også rettleiing av samarbeidspartnere og pårørande, tverrfagleg arbeid og bidra med oppfølging av studenter i samarbeid med dei andre terapautane. Det er ei forventning at du vil delta og bidra til utvikling av helsetenester i kommunen.
Vi ser etter deg som er nytenkande, kreativ, fleksibel og vil bidra til utvikling av tenestene våre. Vi ønskjer å gi tilbod til våre innbyggjarar som både tek hensyn til dagens utfordringar og gjør oss betre rusta til å utnytte fremtidas moglegheiter.
Som medarbeidar må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vere fleksibel og god på tverrfagleg samarbeid og villig til å ta ansvar.Tenesta har stor bredde i type oppgåver, og ein har kultur for å hjelpa kvarandre og bidra ved behov. Du som søkjer må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?