Våre tenestemottakarar er voksne og eldre med ulike interesse og ulike behov for sosialisering og integrering. Vi har derfor behov for støttekontakter av begge kjønn i ulike aldergruppe og med ulike interesser. Ei støttekontakt er ein brubyggar til sosial aktivitet og deltaking, der målet er å gi mennesker moglegheit til ei meiningsfull fritid.
Det å vere støttekontakt er eit spennande, meiningsfylt og lærerikt oppdrag, der du i stor grad kan styre og påverke di eiga arbeidstid.
Ønsker du å bidra - kan dette vere oppdraget for deg!
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Linda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4853389379
Stillingsprosent: 1%
Anna
Søknadsfrist: 31.12.2025
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.