Har du eit sterkt hovud og varmt hjarte, og eit engasjement for arbeid med barn og unge?
Sunnmørsheimen, avdeling Klatrevegen og avdeling Nygardsvegen ser etter sommar- og tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad/fagbrev, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen!
Ved Sunnmørsheimen vil du få ein variert arbeidskvardag og moglegheit til å bli godt kjend med korleis ein jobbar med barn og unge ute på einingane. Hjå oss er det også viktig at arbeidsmiljøet er trygt og raust, slik at vi er i stand til å handtere krevjande situasjonar som oppstår. Ein jobb hjå oss vil gje deg ny kunnskap og praktisk erfaring – og ikkje minst utvide nettverket ditt! Les meir, og bli betre kjent med oss her: https://www.bufdir.no/om/jobb-hos-oss/jobb-i-bufetat-region-midt-norge/
Vi ønskjer ein søknadstekst der du skriver kort om deg sjølv og din relevante erfaring, og om motivasjon for stillinga.
Hjå oss startar ferieavviklinga i uke 26, og vil vare til og med uke 33. Vi søkjer deg som kan jobbe desse vekene. Søkarar som kan binde seg til større stillingar, vil bli prioriterte.
Vi vil fortlaupande invitere aktuelle kandidatar til eit intervju.
Når det kjem til utdanningsnivå ønskjer vi at du oppfyller minst eitt av følgjande krav
For oss er det også svært viktig korleis du vil passe inn hos oss, og om du som person eignar deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Stian Bjerkvik, Einingsleiar, 97771818, stian.bjerkvik@bufetat.no
Tobias Vassbotn Evebø, Avdelingsleiar, 46617656, tobiasvassbotn.evebo@bufetat.no
Nygardsvegen 2
6103 Volda
Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 5067052788
Stillingsprosent: 80%
Sommarjobb
Startdato: 25.05.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region Midt-Norge femnar om fylka Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionen sin administrasjon er lokalisert i Trondheim.