Dette er ei stilling som for tida er ved Dokumentasjonssenteret, men den som blir tilsatt må og vere fleksibel i forhold til arbeid ellers i seksjonen.
Ein må påregne å bli flytta internt ved kortare fråvær for å dekke rolla som postsekretær, og det same kan skje ved ein av poliklinikkane.
Seksjonen vår sørvar totalt sett eit dokumentasjonssenter, tre sengepostar og seks poliklinikkar. Vi er ein god og samansveisa gjeng som på tross av at vi ikkje sit samla i arbeidskvardagen så samhandlar vi godt. Vi samhandlar mykje via felles Teamskanalar, og dette er ein av styrkane våre - at alle kan få raske svar på eventuelle utfordringar ein står fast i. Vi har jamnlege fellesmøter og kan også finne på noko sosialt saman.
På grunnlag av oppgåvemeldingar i Helseplattformen, frå behandlare, skal det sendast ut:
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Merete Røren, Seksjonsleiar, +47 70 10 50 00, Merete.Roren@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5115095089
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.06.2026