Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så kan dette vere stillinga for deg.
Vi har ledig fast stilling som fagsjukepleiar innanfor fagfeltet nevrokirurgi. Dette er eit spennande fagfelt som utviklar seg raskt i.f.t. behandlingsmetodar, medisinteknisk utstyr og prosedyrar. Dette vil gi deg moglegheit for kontinuerleg fagleg utvikling. Vi har til saman 4,5 fagsjukepleiarar i vår seksjon, 2 på anestesi og 2,5 på operasjon som er fordelt innanfor nevrokirurgi og ØNH/KJeve-kirurgi.
Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med dei andre fagsjukepleiarane i seksjonen. Du vil også samarbeide opp mot nevrokirurgar, ulike avdelingar og leverandørar.
Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon.
Dagtidsstilling med evt. moglegheit for noko vaktarbeid.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Lisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5119071933
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.07.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.