Hos oss vil du bli ein del av eit levande og tverrfagleg behandlingsmiljø, der vi saman jobbar for å tilby eit breitt spekter av behandlingstilbod. Folgefonn DPS har lokasjonar på Valen og i Odda, og vi gir eit bredt behandlingstilbod innan rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, gruppepoliklinikk, FACT samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern. Vi har eit godt og breitt tverrfagleg behandlingsmiljø med 4 overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, 2 LIS legar/ ALIS og psykologar under spesialisering, samt høgskuleutdanna med vidareutdanning. Arbeidsplass er på Valen, på poliklinikk eller døgn.
Folgefonn DPS sitt opptaksområde er kommunane kvinnherad og Ullensvang. Befolkningsgrunnlaget er omlag 20 000 vaksne innbyggjarar.
Ein spennande periode for utvikling
Vi er inne i ei spennande tid der vi vidareutviklar behandlingstilboda våre, både poliklinisk og innan døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling på Allmennpsykiatrisk poliklinikk – ein unik sjanse til å bli ein del av ei fagleg satsing og bidra til fagutviklinga.
Er dette noko for deg? Vi ser fram til å bli kjent med deg, og intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.
Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest!
Hos oss er det viktig at du:
Rolf Christian Mehl, Avdelingsoverlege, 41470958
Erlend Hellingsrud, Leder poliklinikk FDPS, 47260535
Maren Elise Skogseth, Leder Folgefonn DPS, 95187657, maren.skogseth@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 13
5451 Valen
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5113924032
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.