Tenesteleiar Miljøtenesta
Miljøtenesta har tre ledige faste 100 % stillingar, og vi søkjer både helsefagarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar. Vi lyser ut stillingar med fleksibel arbeidstidsordning, der arbeidstida kan organiserast som todelt turnus, langvakter eller døgnvakter i årsturnus. Arbeidstidsordninga blir fastsett ut frå gjeldande regelverk og verksemda sitt behov.
Vi håper du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår, og korleis dei dyktige tilsette hos oss jobbar godt og målretta med miljøarbeid og helsehjelp til brukarane i tenesta.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:
Søk herMiljøtenesta yter heildøgns tenester til menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne, og omfattar tenester i eigen heim og i bufellesskap, samt dagtilbod på Vevang Dagsenter.