Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus?
Ved Voss sjukehus får du vere sjukepleiar i ordets rette forstand: tett på pasienten, tett på kollegaene og tett på avgjerdene.
No søkjer me sjukepleiarar i faste heiltidsstillingar til:
Medisinsk sengepost
Kirurgisk/ortopedisk sengepost
👉 Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer, i prioritert rekkjefølgje.
Lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi
Høg aktivitet og variert pasientgrunnlag
Tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus
Kort veg frå idè til handling
Natur, friluftsliv og kulturliv rett utanfor døra
Medisinsk sengepost
- Heildøgnspost med pasientar innan mellom anna hjarte, lunge, nyre, mage/tarm, slag, infeksjon, diabetes og kreft.
🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.
- Heildøgnspost innan gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi.
- Elektiv drift kombinert med øyeblikkeleg hjelp, samt kompetanse innan palliasjon og kreftomsorg.
🕒 3-delt turnus, arbeid kvar 3. helg.
Nyutdanna? Erfaren? Begge delar er velkomne!
⏱️ Oppstart etter nærare avtale. Ved oppstart i sommarperioden, må ein kunne jobbe minst 6 av 9 veker i perioden veke 25–33.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ranveig Herheim Knapstad, Seksjonsleiar, 97711192
Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493
Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5118910648
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.