Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. I tillegg til disse to skulane er det det skulefritidsordning (SFO) båe på Felle og Fjone. Skulefritidsordninga (SFO) ved Felle og Fjone er organisert under rektor ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule. Skulane og SFO i Nissedal kommune er opptekne av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap. Skulane jobbar målretta for å førebygge mobbing, og førebu elevane til vegen vidare med studie og arbeid, og er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane og SFO med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær.
Ved Tveit skule og ved skulefritidsordninga (SFO) på Felle, Fjone og Treungen er det ledig opptil 80% vikariat for skuleåret 2026-2027 (01.08.2026-31.07.2027) og opptil 160% vikariat/svangerskapsvikariat hausten 2026 (01.08-31.12.2026).
Oppgåvene ved Fjone, Felle og Treungen SFO handlar om å følgje opp elevane som har plass ved SFO, også elevar med spesielle behov, både fagleg og praktisk før og etter skuledagen. Barne- og ungdomsarbeidar må jobbe tett saman med føresette til det beste for elevane.
Fjone SFO er det tilbod om SFO kl. 15.15 - 16.45 måndag, tysdag, torsdag og fredag. Onsdagar er det eit tilbod kl. 13.15-16.45.
Felle SFO har eit tilbod kvar morgon kl. 07.15 – 07.50. På ettermiddagen er det tilbod om SFO måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 15.00 -16.30. På ettermiddagen onsdag er det eit tilbod kl. 13.15 – 16.30.
Ved Tveit skule må barne- og ungdomsarbeidar følge opp elevar i løp av skuledagen, og ved SFO.
Krav til den tilsette:
Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ein kan også vurdere anna relevant fagkompetanse og realkompetanse.
Erfaring frå arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.
Vi vil vektlegge:
Relasjonskompetanse, gruppeleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsettingsprosess.
Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25
Marius Vøllestad, Rektor, +47 35048482
Solås 2
3855 Treungen
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5124285131
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 20.05.2026
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.