Vil du bli prest i vest?
Vi har ledig stilling som sokneprest i Vesthordland prosti, med Fjell sokn som tenestestad. Vi ser etter deg som ynskjer å være ein pastoral og samlande leiar for kyrkjelyden vår. Vi ønskjer ein prest som ser menneske og byggjer bruer, tenkjer strategisk og ønskjer å forkynne evangeliet slik at det når fram til ulike målgrupper og generasjonar.
Fjell sokn ligg på Sotra i Øygarden kommune – ein kommune i vekst, vest for Bergen. Folketalet i kommunen var er i overkant av 40 000. 28 595 er medlemmar i Den norske kyrkja, 6958 i Fjell sokn (pr. 31.12.2025).
Fjell kyrkje er ei vakkert og nyrenovert langskipskyrkja i tre frå 1874. I 2025 var det i Fjell sokn 56 gudstenester, 40 gravferder, 27 vigslar, 78 konfirmantar og 93 døypte.
Øygarden har fem sokn med til saman åtte kyrkjer. Vi er fem sokneprestar, to prostiprestar og prost som gjer teneste i kyrkjelydane i Øygarden.
Fjell kyrkjelyd sin visjon er «Ei kyrkje for alle». Kyrkjelyden ynskjer at det skal skapast varierte gudstenester der alle generasjonar kan kjenne det meiningsfullt og godt å vere med. Vi har gudsteneste kvar søndag i mesteparten av året. Kyrkjelyden har eit breitt engasjement med søndagsskule, barnekor og tweensklubb. Vi startar opp med seniorkor denne våren. Onsdag er kyrkjedag i Fjell med open kyrkje og samlinga Hjarterom. På kvelden er det ulike kveldsarrangement med m.a. foredrag og musikkandaktar.
Soknepresten blir del av den store staben i kyrkja i kommunen og prestefellesskapet i Vesthordland prosti. Øygarden kyrkjelege fellesråd har rundt 50 tilsette med kontor på Straume og i nokre av kyrkjene. Soknepresten i Fjell har kontor i Fjell kyrkje. Det er eit eige sokneteam for dei som primært gjer teneste i Fjell med organist, kyrkjetenar, to kyrkjelydspedagogar og diakoniarbeidar i tillegg til soknepresten. Saman utgjer vi eit kreativt og engasjert team som likar å tenkje nytt og utvikle kyrkjelivet saman. Vi ønskjer særleg å styrkje arbeidet for barn og familiar, og bygge gode fellesskap der nye generasjonar kan finne sin plass i kyrkja.
Fjell sokn har valt å ha tweens og fellesskapsbyggande arbeid som sine hovedsatsingsområde. Diakoni og arbeid blant barn og unge, er mellom fellesrådet sin satsingar.
Meir informasjon finn du på:
www.kyrkja.no/oygardenVesthordland prosti dekker kommunane Askøy og Øygarden, med til saman ti sokn og 13 kyrkjer. I prostiet er det ni sokneprestar, tre prostiprestar og prost.
Skriftspråket er nynorsk.
Andre opplysningar
Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Jan Tommy Fosse, Prost i Vesthordland, 92463278
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Tytebærbrekko 2
5353 Straume
Arbeidsgivar: Den norske kirke
Referansenr.: 5120991260
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026