Leiar heimebasert omsorg
Pleie-og omsorgsavdelinga i Lom Kommune søkjer etter sjukepleiar i 80-100% fast stilling i heimebasert omsorg, avdeling heimesjukepleie.
Vi ser etter deg som:
er offentleg godkjend sjukepleiar
har erfaring frå liknande arbeid
har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
har førarkort klasse B
Det er også ynskjeleg med relevant vidareutdanning.
er trygg, fleksibel, positiv og motivert
er strukturert, målretta, god til å planleggje og prioritere
er ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktig
evnar godt å arbeide både sjølvstendig og i team
har stor interesse for faget, og brenn for fagutvikling
har gode kommunikasjonsevner
har endringsvilje og er ein lagspelar
vil vere med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vektleggast for stillinga.
Utføre god fagleg sjukepleie ved behandling og oppfylging av pasientar og pårørande - etter gjeldande lovverk, forskrift og kvalitetskrav.
Tenesteansvarleg for ei gruppe pasienter etter primærkontaktsystemet, og arbeid knytt til oppfylging av dette ansvaret.
Følgje rutinar i avdelinga og bidra aktivt til forbetringsarbeid.
Sikre god kommunikasjon og samhandling, både internt i avdeling og tverrfagleg.
Vaktansvarleg sjukepleiar på enkelte turnusvaktar, og oppgåver knytt til dette.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Rettleiingsansvar overfor kollegaer og studentar.
Nytte journalsystemet Profil / Mobil omsorg som eit dagleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging/utføring av oppgåver, og dokumentasjon etter gjeldande lovverk
Fast 80-100% sjukepleiar stilling med oppstartsdato etter nærare avtale.
Arbeidstid etter gjeldande turnus med dag/sein/natt og arbeid for tida kvar 3. helg. Det kan ved turnusendringar i avdelinga blir moglegheit for langvakter kvar 4. helg.
Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde.
Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass.
Fagmøtetid i turnus
Høgt fagleg nivå på tenestene, med kontinuerleg fokus på fag, kvalitetsforbetring og brukartryggleik
Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!